𝐋𝐮𝐤𝐞 𝟐𝟐: 𝐊𝐮𝐥𝐭𝐮𝐫𝐥𝐚𝐧𝐝𝐬𝐤𝐚𝐩𝐞𝐭 𝐢 𝐇𝐣𝐚𝐫𝐭𝐝𝐚𝐥 𝐨𝐠 𝐒𝐯𝐚𝐫𝐭𝐝𝐚𝐥
Kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal er blant Noregs mest anerkjente og verdifulle kulturlandskap! Her er det verdiar både knytt til biologisk mangfald og kulturminne. Gamle driftsmetodar frå før-industriell tid, som lauving og slått, er blitt teke vare på, og landskapet her huser dermed fleire intakte slåttemarker, naturbeitemarker, haustingsskogar og styvingstre.
Berggrunnen er stadvis rik og huser dermed ein ekstra rik flora. Hjartdal og Svartdal er heimen til orkidéen systermarihand (VU – sårbar), som har sin hovudpopulasjon her. I tørr vegetasjon veks også blant anna flekkgrisøyre, brudespore, smalkjempe, marinøkkel, mens det i friske område kan dukke opp ballblom. Truleg er kulturlandskapet blitt erstatningsbiotop for opent slettelandskap frå tida det var mange og store grasetarar i Europa.
Biofokus besøkte i år slåttemarker og naturbeitemarker i Hjartdal. Me reiste i soppsesongen, for me var nemleg på utkikk etter beitemarksopp. Beitemarksopp er sopp som er knytt til slike gamle ugjødsla enger og er ofte dårleg kartlagt. Dei kan vere både fargerike og grå, som mønjevokssopp og skjør vokssopp, eller lillagrå raudspore og midnattsblå raudspore.
Biofokus har lang erfaring med kartlegging av semi-naturleg eng og artar knytt til dette, og tilbyr blant anna å lage skjøtselsplanar som gjev grunneigarar tilgang til å søke midlar for å skjøtte sine enger på ein måte som aukar tilstanden og det biologiske mangfaldet i enga.
Tekst og foto: Hilde Stokland Rui
...